Overføring av nye oppgåver til kommunane var eit av Regjeringa sine lokkemiddel i samband med kommunereforma. No gjer Fjell og Øygarden felles opprør mot nye fylkeskommunale planar som trugar med å trekkja utviklinga i motsett retning.

Fylkeskommunen sitt utkast til Regional transportplan for Hordaland 2018 – 2029 og Regional areal- og transportplan for Hordaland 2017 – 2028 er begge for tida på høyring i Hordalandskommunane. Onsdag skal formannskapa i Fjell og Øygarden diskutera framlegga. Det same skal saksgruppe næring og utvikling i Sund.
Perspektivlaus
Planane manglar omtale, drøftingar og perspektiv for den endra situasjonen som oppstår når Fjell, Øygarden og Sund snart går saman i ein ny og vesentleg større kommune, skriv rådmennene i Fjell og Øygarden i eit likelydande og sterkt kritisk uttale til høyringsframlegget til begge planane.
I Sund vert planane lagt fram til politisk behandling utan innstillinga.
Fryktar detaljstyring
Samordning av planar er bra, men… I både Fjell og Øygarden fryktar dei at planane skal gje fylkeskommunen formelt grunnlag for å detaljstyra kommunane. Kommunane ønskjer ikkje planar som i utgangspunktet gjev fylkeskommunen heimel for å gje motsegn mot lokale planar.
– Motsegn skal berre unntaksvis vurderast, skriv rådmennene i Fjell og Øygarden.
Les: Ordføraropprør mot sentraliseringa
Sentraliseringskrav
Det er særleg kravet om sentralisering av framtidig utbygging langs kollektivaksar og kollektivknutepunkt i framlegget til Regional areal- og transportplan som vekkjer reaksjonar. Her vert det lagt opp til å sjå framtidig arealplanlegging og utbygging i samband med utbygginga av kollektivnettet. Eit transportnett som vi veit ikkje er like godt utbygd utanfor tettstadar som Straume, Ågotnes og Skogsvågskiftet. Sjølv kommunesenteret Rong i Øygarden fell utanfor i fylkeskommunal samanhang.
Spreiddbygde område
Rådmennene meinar at premissa knytta til kollektivtransporten kan koma til å overstyra utviklinga av andre viktige samfunnsfunksjonar. Særleg kan dette koma til å få konsekvensar for meir spreiddbygde område, fryktar dei.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell har vore regionen sin representant i arbeidsgruppa for den regionale areal- og transportplanen, og tok opp temaet på siste møtet i Regionråd Vest.
One thought on “Nei til fylkeskommunal detaljstyring”