«Nye Øygarden» har visjon om å vera eit fyrtårn, men omfatter visjonen også digital innovasjon? I den førebuande fellesnemnda er reaksjonane på Bergen sitt digitale frieri delte.

– Nye Øygarden har som målsetjing å vera eit fyrtårn når det gjeld ny teknologi. Når de attpåtil nemnar Nordhordland, så er de nesten i mål, laud ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) sin umiddelbare respons på det digitale frieriet frå regionhovudstaden.
Les: Bergen på digital friarferd
Finansiering?
– Det er sjeldan eg møter Bergen så tydeleg på seljaren. Dei ønskjer ikkje snakka om finansiering, men eg er overtydd om at det i neste omgang vil verta spørsmål om å leggja pengar på bordet, supplerte ein meir nøktern varaordførar Tom Georg Indrevik (H) i Fjell.
– Det må koma eit nasjonalt såkornfond som kan finansiera denne typen kommunale utviklingsprosjekt, opplyste kommunaldirektør Robert Rastad i Bergen.
– Det er ikkje sikkert det vert mindre einkelt å gå frå tre til ein kommune. Og kva med dei eldre? Vi vert nøydd til å ta eindel tøffe val, supplerte ordførar Børge Haugetun i Øygarden. Han syntes oppfordringa om å starta på nytt hørtes freistande ut.
Treng digital rettleiing

– Eg har ikkje fått med meg ein tiandepart av det de har snakka om her, og det trur eg ikkje de har heller, utfordra Svein Bergh (SL).
– Fjell får 40.000 frå Kommunal og moderniseringsdepartementet for å styrka biblioteka sin digitale rettleiingsfunksjon ovanfor innbyggjarane, kunne Anita Garlid Johannessen opplysa.
Les: Strilane skal verta digitale
Mandat
I første omgang strekk mandatet til den førebuande fellesnemnda berre til å kartleggja kva som finst av digitale løysingar i dei tre kommunane.
One thought on “Eit digitalt fyrtårn i vest?”