Barnevernet i kommunane vestom Bergen vert i desse dagar styrka med 14,5 nye stillingar, finansiert av Barne- og likestillingsdepartementet.

Heile 61,9 millionar kroner vert i desse dagar fordelte til kommunane i Hordaland for å styrkja det statlege barnevernet.
Askøy
Dei store kommunane Askøy og Fjell kjem godt ut i denne tildelingsrunden, som vert administrert av Fylkesmannen i Hordland.
Barnevernet i Askøy får dette året 4,2 millionar kroner i tilskot som skal brukast til å løna seks barnevernsmedarbeidarar.
Fjell
I Fjell får dei 3,5 millionar kroner, medrekna ubrukte midlar overført frå fjoråret. Pengane skal nyttast til å løna fem nye medarbeidarar.
I Sund skal 1,05 millionar kroner finansiera halvannan stilling, og i Øygarden er 350.000 kroner nok til å løna eit halvt årsverk.
Barnevernsvakt
I tillegg kjem lokale barnevernsvakter; ein felles stilling for Fjell, Sund og Øygarden, og ein halv stilling i Askøy.
Les: Barnefattigdom eit ikkje-tema i Askøy
Les: Barnevernet sviktar