Krisa i offshorenæringa har gjort mindre utslag i kommunane i region Vest enn i mange andre vestlandskommunar, skal vi tru NHO. Fjell dett tre plassar på NHO sitt Kommunebarometer, men er framleis den mest attraktive kommunen i regionen. (Saka er oppdatert)
Øygarden og Askøy har teke lange steg oppover på barometeret, medan Sund fell tilbake.
Nasjonal konkurranse

NHO sitt kommunebarometer er ein årleg konkurranse mellom norske kommunar om kven som best lever opp til arbeidsgjevarorganisasjonen sine forventningar om den ideelle kommunen.
Rangeringa har NHO og Vista Analyse kome fram til ved å måla og samanlikna dei fem hovudvariablane næringsliv og privatøkonomi, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi. Totalt 21 faktorar inngår i samanlikninga. Tala frå 2015 vart offentleggjort i dag.
Les: Grunnleggjande usamde om kommuneøkonomien
Tredje best i Hordaland

Fjell er klart best i region vest – framleis. Kommunen havnar i år på 13. plass i den nasjonale samanlikninga, ned frå 10. plass i fjor. Kommunen vert framleis rangert som den tredje beste i Hordaland, berre slått av Austevoll på 6. plass og Bergen på 10. plass.
Næringsliv og privatøkonomi er Fjell sine sterkaste sider, ifølgje NHO. Når ein vurderer variasjonen i næringslivet, talet på nyetableringar, inntektsnivå og andelen sysselsette i privat næringsliv, havnar kommunen på niande plass i nasjonal målestokk. På dette området har kommunen teke tre steg opp samanlikna med fjoråret.
Når det kjem til demografi, havnar Fjell på tiande plass. Som følgje av utviklinga i folkevekst, talet på unge i høve til eldre i arbeidslivet, netto innflytting og talet på innbyggjarar over 80 år, har kommunen dotte ein plass ned sidan sist.
Arbeidsmarknaden vert vurdert som vekstkommunen sitt svakaste punkt. Auken i arbeidsløysa som følgje av krisa i offshorenæringa gjev utslag. Prosentvis sysselsette, sjukefråvær, uføre, arbeidslause og arbeidsmarknadsintegrasjon tilseier at Fjell no havnar på ein 87. plass, ned 20 plassar samanlikna med siste vurdering.
Askøy
Dei store kommunane kjem klart best ut i NHO si samanlikning, men størst er ikkje nødvendigvis best. Askøy havnar på 58. plass i år, opp 13 plassar samanlikna med 2015.
Høg lånegjeld til trass, kommuneøkonomien er den faktoren NHO vurderer som Askøy si sterkaste side. Innføringa av eigedomsskatt ved siste årsskiftet har enno ikkje gjeve utslag på målinga.
At mykje av undervisninga skjer i midlertidige brakker, og at driftskostnadane per elev er dei lågaste i regionen, vert vurdert som positivt, sett frå NHO sin ståstad.
Sett under eitt vert dei kommunale administrasjonsutgiftene, eigedomsskatt for næringslivet, inntekt i høve utgifter, kjøp av private tenester målt i høve til samla driftsutgifter og den kommunale betalingsevna vurdert til ein 13. plass på landsbasis, ein plass høgare enn i fjor.
Demografi vert vurdert som eit sterkt kort også i Askøy, men ein 37. plass tilseier at utviklinga her er klart svakare enn i Fjell. Her er kommunen meir på linje med Sund (40) og Øygarden (42).
Askøy har også gjort eit kraftig hopp oppover når det gjeld kompetanse. Andelen sysselsette med minst fire års høgare utdanning, bestått fagprøve eller med teknisk eller naturvitskapleg utdanning har auka vesentleg, og står no til ein 246. plass, mot 317. året før.
Beste klatrar
Øygarden er den kommunen i regionen som tek største spranget oppover på rangeringa. 194. plass på årets kommunebarometer er heile 46 plassar betre enn i fjor.
Demografi vert vurdert som kommunen sitt sterkaste kort. Her gjer Øygarden eit sprang frå 71. plass i fjor til 42. plass dette året.
150 millionar kroner i eigedomsskatt frå oljeverksemda til trass, NHO vurderer framleis kommuneøkonomien som Øygarden sin Akilleshæl. I årets måling enda kommunen på ein 352. plass etter å ha stige 14 plassar.
Folkeveksten gav kjempehopp
Sund havnar på 182. plass etter å ha dotte sju plassar på den nasjonale rangeringa. Best utvikling har kommunen hatt når det gjeld demografi. Kraftig vekst i foketalet i fjor bidreg til at kommunen havnar på ein 40. plass, samanlikna med 80. plass i fjor.
Du kan studera heile tidsseriane på dei fem hovudvariablane på NHO sine heimesider.
2016 | Sml. 2015 | Næring | Arbeid | Demografi | Kompetanse | Økonomi | |
Fjell | 13 | -3 | 9 | 87 | 10 | 26 | 46 |
Askøy | 58 | 13 | 110 | 222 | 37 | 246 | 13 |
Sund | 182 | -7 | 141 | 293 | 40 | 366 | 235 |
Øygarden | 194 | 46 | 244 | 320 | 42 | 185 | 352 |
2 thoughts on “NHO har talt”