Fjell er ein ung kommune. Så ung at vi risikerer å tapa 17 millionar når staten om to år tilpassar inntektssystemet i samsvar med den aldersmessige utviklinga i landet generelt.

Norge får stadig fleire eldre, sett i forhald til fødselstal og talet på vaksne i arbeidsfør alder.
Låg eldreandel
KOSTRA-tala avslører at Fjell er ein av dei yngste kommunane i landet. Fjell er den kommunen i region vest som har den lågaste andelen av innbyggjarar over 80 år. Berre 2,3 prosent av fjellsokningane er i denne alderen, samanlikna med 4,2 prosent i Øygarden.
I Askøy, som vi ofte likar å samanlikna oss med, er 2,8 prosent av innbyggjarane 80 år eller eldre.
Åtvara mot eldrebølgja
I Fjell har rådmann Steinar Nesse likevel i fleire år åtvara mot eldrebølgja. Han har frykta dei kostnadane den kan koma til å krevja for å dekkja eit veksande behov for omsorgstenester i siste delen av livet.
No kan situasjonen vera i ferd med å snu.
Set meir pris på dei eldre
Nøkkelen for dei statlege rammeoverføringane vil verta radikalt endra dei komande åra, åtvara Nesse då kommunestyret i dag behandla økonomirapporten for første tertial.
I samsvar med den aldersmessige utviklinga i landet generelt, ønskjer Regjeringa å setja større pris på dei eldre, bokstavleg talt.
-Stortinget har vekta opp talet på eldre, og vekta ned talet på unge i dei einskilde kommunane, sa han.
Ting endrar seg fort
– Fjell har veldig mange unge. Alt i 2018 risikerer vi å mista 17 millionar kroner som følgje av endringane i dei statlege rammeoverføringane, seier Nesse.
Rådmannen vel likevel å vera optimist:
– Ting endrar seg fort. Vi er alt i gang med tiltak for å bringa oss i posisjon til å handtera dei framtidige utfordringane, seier Nesse.