Sjølv med rekordlåg straumpris, satsar mange Sotrastrilar også denne vinteren på vedfyring for å halda varmen når utetemperaturen kryp under 0-streken på termometeret.

I desse dagar flokkar Sotrastrilen til dei lokale vedforhandlarane. Overraskande for mange, kanskje, er Coop Bygg ein av dei største vedleverandørane i Bergensområdet.
Utetemperaturen
– Utetemperaturen er avgjerande, straumprisen er mindre viktig, seier Øystein Kahrs, når Tunnelsyn spør korleis det går med vedsalet. Kahrs er dagleg leiar i Coop Hordaland SA som også har ansvaret for dei fire byggevarehusa i Bergensområdet.
Kalde vintrar med høg straumpris har vore gull verd for Coop Bygg. Tilsette fortel om frosne og utolmodige vedkundar som tømte trailerane frå Aust Europa straks dei rulla inn porten, utan å venta på at veden skulle innom lageret først.
80.000 sekkar
Denne vinteren har dei så langt seld 80.000 sekkar med ved, fordelt på dei fire varehusa, fortel Kahrs. Kor stor andel som er seld på Sotra, vil han ikkje ut med.
Omrekna til energi tilsvarar 80.000 vedsekkar 5,12 gigawattimar (GWh). Ein vanleg einebustad nyttar til samanlikning i underkant av 20.000 kWh gjennom eit heilt år.
Utan dei merkbare leveringsproblema siste månadane, kunne vedsalet ha vore enno større. Salet av brikettar er halde utanom reknestykket.
Innarbeida
Når byggevaregiganten har klart å kapra ein posisjon i den lokale varmemarknaden, er forklaringa mellom anna eit breidt leverandørnett over heile Europa, innarbeida logistikkrutinar, store leveransar og fire varehus som sikrar god tilgang for kundane.
Konkurranse
Viktigaste konkurrentane er konvensjonelle kraftleverandørar som Fjordkraft. Og Plantasjen.
Profesjonelle lokale vedprodusentar og bønder med ved som attåtnæring, har ei utfordring i å konkurrera med byggevarekjeden sine stordriftsfordelar.