Underskriftsaksjon for Straumsundet

Det er nok no! Brukarane av Straumsundet inviterer båtlag, velforeiningar og andre organisasjonar med tilknytning til Straumsundet og kystkultur til underskriftsaksjon for trygg ferdsle i Straumsundet i framtida.

Straumsundet
Den føreslegne småbåthavna vil stikka inntil 20 meter ut i sundet like bak båten på biletet.

Veidekke har søkt om å få etablera ei privat småbåthavn i tilknyting til Straume Sjøfront.

Anlegget har fått ei utforming som truleg strid mot den vedtekne reguleringsplanen. Teikningane  viser eit anlegg der båtane vil liggja på tvers, og der akterspeilet på båtane vil stikka inntil 20 meter ut i det frå før sterkt innsnevra og straumutsette sundet.

I all tidlegare omtale har anlegget blitt presentert som om fortøyning vil skje i nord – sør retning langsmed bryggja.

Brukarane av Straumsundet meinar det føreslegne anlegget vil gjera almenta si ferdsle i sundet vanskeleg og utrygg.

Brukarane av Straumsundet, saman med Fjell Båtlag og Bildøy Hyttelag, har gjentekne gongar protestert mot konsekvensane av Veidekke, tidlegare Altus Eiendom, sine tiltak i Straumsundet.

Støtt opp under underskriftsaksjonen!

Brukarane av Straumsundet vil i dagane framover gå rundt med lister på Straume, Bildøy, Foldnes, Ekerhovd og Kolltveit. Fjell Båtlag og Bildøy Hyttelag organiserer underskrivinga i sine organisasjonar. Vi har og kontaktar i andre frivillige organisasjonar med tilknyting til Straumsundet.

NB: Underskriftsaksjonen er avslutta. Vi fekk inn vel 400 underskrifter.

Har du enno ikkje blitt kontakta? Du finn underskriftslister i inngangpartiet på Straume Helsehus (ved sida av Shell-stasjonen).

Signer digitalt

Last ned: Opprop Straumsundet

Slik ser Veidekke for seg at småbåthavna (markert med raudt) vil sjå ut.
Slik ser Veidekke for seg at småbåthavna (markert med raudt) vil sjå ut.

11 thoughts on “Underskriftsaksjon for Straumsundet

  1. Hvorfor ikke lage en underskiftskampanje man kan signere på nettet også? Er mange sider som gjør dette.
    Tenker spesielt for oss som ikke er på Sotra hele tiden, men som likevel har røttene sine der og som vi støtte med en underskift!

    Likar

  2. Ok. No forstår eg. Eg prøvde å signera her på nettet og fant ingen ting. Står det folk på senteret av og til eller noko sånt?

    Likar

    1. Du er ikkje den einaste som spør om dette. For å få med flest mogeleg vil vi difor plassera ut ei liste i inngangspartiet på Straume Helsehus (ved sida av Shell-stasjonen) i løpet av ettermiddagen i dag.
      Du kan også skriva ut oppropet og laga din eigen underskriftsaksjon der du bur, eller i din organisasjon…:-)

      Likar

  3. Hvor skriver jeg under ? (Hadde håpet å få H ut av kommunestyret etter valget, men de er der ennå så tilgivelse-tillatelse-politikken til utbyggerene vil nok fortsette. Eller kan Ap utgjøre en forskjell for oss som bor her ?)

    Likar

    1. Takk for at du ønskjer å støtta ei god sak! Vi har folk som samlar inn underskrifter i dei fleste bygder/organisasjonar med Straumsundet som nedslagsfelt. Om du fortel litt meir om kvar du held til, så kan eg formidla kontakt.
      PS. Vi håpar at problema i Straumsundet etterkvart er blitt såpass openbare at sjølv H-veljarar ønskjer å skriva under!

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.