Vil hogga skip på Hanøytangen

Norscrap West planlegg å investera 40 millionar kroner i ein slipp for opptrekk og hogging av skip på Hanøytangen. Dagleg leiar Geir Olav Bøe vil visa norske reiarar at utrangerte skip kan hoggast i Norge i eit lukka system utan utslepp til sjø, og til konkurransedyktige prisar.

Hanøytangen, Geir Olav Bøe
Her kjem slippen, viser dagleg leiar Geir Olav Bøe i Norscrap West. For å laga eit lukka system, skal heile botnen dekkast med betongelement som dei vi ser i bakgrunnen.

Norscrap West AS er heileigd dotterselskap av Hellik Teigen Group AS som tidlegare i sommar kjøpte Hanøytangen frå Bergen Group ASA. Verksemda er spesialist på gjenvinning av jern og metall, og har eit 90 mål stort gjenvinningsanlegg på Hanøytangen.

Opptrekk på land
På sjøsida av gjenvinningsanlegget har Norscrap West starta bygginga av ein slipp for opptrekk og hogging av fiskebåtar, offshorefartøy, og lasteskip på inntil 150 – 170 meters lengde, eller 6000 – 7000 tonn dødvekt, fortel dagleg leiar Geir Olav Bøe.

– Anlegget vil verta det einaste i sitt slag i Europa. Heile skipet vil stå på land under demonteringa. Arbeidet vil føregå i eit lukka system og utan utslepp til sjø, understrekar Bøe.

Utan utslepp til sjø
Av omsyn til miljøet skal slippen ha botn av jern oppå betong, og med membran under. Alle kranar og maskiner som vert nytta skal stå på land.

All olje, kjemikalier og andre væsker som måtte lekka ut under prosessen vil verta fanga opp av ein kulvert ein meter over flomålet. Derifrå vil det verta ført til eit gigantisk olje- og sedimenteringsbasseng som er under bygging. Ingenting skal lekka ut i sjøen, eller til grunnvatnet, seier Bøe.

– Norscrap West treng ikkje fleire løyve enn dei verksemda alt har for å setja i gang med hogging av skip, seier Bøe.

Alternativ til beaching
Den potensielle marknaden for hogging av skip i sjøfartsnasjonen Norge er stor. Likevel er det berre 10 – 15 skip årleg som endar sine dagar på eit norsk gjenvinningsanlegg.

Norske reiarar får i staden mykje kritikk for ”beaching”. Mange norske skip vert seld til hogging i land som Pakistan og India der arbeidskrafta er rimeleg og krava til miljø- og tryggingstiltak om lag ikkje-eksisterande.

Når slippen på Hanøytangen vert sett i drift, er målet å hogga to til fire skip årleg, ifølgje Bøe.

Reiaren får betalt
Metallverdien i skroget medfører at ein reiar får betalt for dei skipa han sender til hogging. Sturla Henriksen, adm, direktør i Norges Rederiforbund hevda i ein kronikk i Dagens Næringsliv 18. august at ein reiar vil kunna frå betalt tre til sju millionar dollar meir for eit utrangert skip om hogginga skjer ved sokalla ”beaching” enn ved eit spesialisert hoggeverft.

Konkurransedyktig
Det er i dag to anlegg i Norge for hogging av skip i denne storleiken. Ei handfull verft, mellom anna AF Decom i Ølen og Stordbase, tek mot offshoreinstallasjonar for hogging. Marknaden for sokalla ”de-commissioning” av offshoreinstallasjonar, vart for eit tiår sidan spådd ei lysande framtid i Norge, men det har så langt ikkje slege til.

– Aksepterer vi nordmenn bygging av skip og offshoreinstallasjonar, bør vi også vera klar til å påta oss ansvaret med å gjennvinna dei på ein miljømessig forsvarleg måte, seier Bøe.

– Norscrap West vil ikkje berre vera best på miljø. Vi håpar å visa at demonteringa kan skje i Norge til konkurransedyktige prisar, seier Bøe som fryktar at norske hoggeverft vil tapa ytterlegare i konkurransen mot internasjonale aktørar.

Klart neste år
Med olje- og sedimenteringsbassenget vil heile investeringa på Hanøytangen koma på 40 millionar kroner. Anlegget skal etter planen stå klart til å ta mot norske skip til hogging neste år.

Det etablerte gjenvinningsanlegget med sin logistikk, automatisering og avtaler for vidaresal av eit 30-tals ulike metall, har kapasitet til å handtera den ekstra avfallsmengda som skipshogginga vil medføra utan store ekstrakostnadar.

Veldrive
Gode finansinntekter gjorde at Norscrap West i fjor oppnådde eit resultat før skatt på 20 millionar, av ein samla omsetnad på 225,7 millionar kroner.

One thought on “Vil hogga skip på Hanøytangen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.