Fryktar auka gjennomgangstrafikk gjennom Bildøyvegen

Bildøyvegen og Gamle Straumsbru vert snarveg til Sartor Senter dersom det nye byggjefeltet på Branndalsåsen får tilkomst via Bjørkestølen, fryktar Innbyggjarinitiativet Bevar Straume.

Kari Sundvor, Innbyggjarinitiativet Bevar Straume
Trafikkfarleg: Gamle Straumsbrua og Bilødyvegen vil verta snarveg til Sartor Senter dersom byggjefeltet i Branndalsåsen får tilkomst via Bjørkestølen, fryktar Kari Sundvor og Innbyggjarinitiativet Bevar Straume.

Det er Altus Eiendom som ønskjer å byggja ut Branndalsåsen på Nordre Bildøy med eit 1000-tals nye leiligheter.

Vil overstyra kommunedelplanen
Kommunedelplanen for Nordre Bildøy tilseier at feltet skal ha tilkomst via R555, og at utbygginga ikkje får ta til før nye Sotrasambandet står ferdig.

Men Altus Eiendom har hastverk. Dei ønskjer å overstyra den vedtekne kommunedelplanen. I framlegget til områdereguleringsplan føreslår dei at delar av feltet i staden skal få tilkomst via Bjørkestølen.

Innbyggjarinitiativet Bevar Straume har sendt merknad der dei protesterer mot forslaget.

– Branndalsåsen bør få nye R555 som einaste tilkomstveg, skriv Bevar Straume.

Trafikkfarleg
– Det bør ikkje byggjast køyreveg for bil, heller ikkje for kollektivtrafikk, frå Branndalsåsen retning Bjørkestølen. Vegutløysing via Bjørkestølen for heile eller delar av feltet, vil føra til at Bildøyvegen verta nytta som snarveg retning Sartor Senter.

Smal og mangar fortau
– Bildøyvegen, med Gamle Straumsbru, vert mykje nytta av gåande, mellom anna skuleelevar. Vegen er smal, manglar fortau og er direkte farleg for gåande og syklande, skriv Bevar Straume i merknaden.

 

4 thoughts on “Fryktar auka gjennomgangstrafikk gjennom Bildøyvegen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.