Delte erfaringar med urbant jordskifte

- Sidan urbant jordskifte no vert eit tema i Fjell, er eg spent på om samarbeidet med grunneigarane på søre delen av Litle Sotra vert meir interessant for kommunen, seier styreleiar Johannes Kobbeltvedt i Soli Eigedom AS.
– Sidan urbant jordskifte no vert eit tema i Fjell, er eg spent på om samarbeidet med grunneigarane på søre delen av Litle Sotra vert meir interessant for kommunen, seier styreleiar Johannes Kobbeltvedt i Soli Eigedom AS.

Soli Eigedom AS har i snart ti år hatt ein frivillig, privat avtale som i store trekk minnar om eit urbant jordskifte. Fjell kommune har vist liten vilje til å følja opp invitasjonen til samarbeid, seier styreleiar Johannes Kobbeltvedt.

På siste møte i Komite for plan og utvikling inviterte teknisk sjef Berit Rystad planpolitikarane til å gjera Fjell til pilotkommune for urbant jordskifte.

Problemstillingane som eit urbant jordskifte er meint å løysa er langt frå ukjent i Fjell. Soli Eigedom AS har freista løysa utfordringane gjennom ein frivillig , privat avtale, utan at dei på noko tidspunkt har nytta uttrykket ”urbant jordskifte”. Tunnelsyn ville gjerne vita kva erfaringar dei har gjort.

Føremål: Utvikling av utmarksområde
Ti grunneigarar i Snekkevik, Ebbesvik og Gavlen inngjekk i 2005 ein samarbeidsavtale som overførte råderetten over eigedomane deira til eit forvaltningsstyre. Føremålet med avtalen var regulering av det til saman 1.100 mål store utmarksområdet på søre delen av Litle Sotra.

Eigedomsselskapet Soli Eigedom vart skipa året etter, og skal stå for arealdisponeringa på vegne av dei ti grunneigarane. Eigedomane er overdregne til Soli Eigedom mot aksjar i selskapet, tilsvarande storleiken på overdregne areal.

– Intensjonen var å få til ei overordna arealdisponering og fordeling av bustadområde, vegar og grøntområde, uavhengig av eigedomsgrenser og andre privatrettslege tilhøve, seier Kobbeltvedt.

Turområdet
I 2012 tok Soli Eigedom avtalen eitt steg vidare: verksemda inngjekk ein ny samarbeidsavtale, denne gongen med Sotra Sportsklubb og Straume Messesenter. Avtalen vart presentert for politikarane i Fjell som ein orientering i Formannskapet i mai same året.

Dei opparbeidde turstiane rundt Ebbesvikvatnet og Skogavatnet er eitt resultat av denne avtalen, fortel Kobbeltvedt.

Ny veg – ein føresetnad
Ei større utbygging på søre delen av Litle Sotra føreset at ny veg mellom Straume og Ebbesvik er på plass. Soli Eigedom inngjekk avtalen med Sotra Sportsklubb og Straume Messesenter, under føresetnad at Fjell kommune skulle stå som byggherre for vegen som skal avløysa dagens sæleg kronglete veg mellom Snekkvik og Ebbesvik.

Vegen Straume – Ebbesvik er framleis ikkje bygd, og han er ikkje inne på noko budsjett. Vegen skal etter planen byggjast som fylkesveg. Som dei flest veit – å få midlar til nye vegar over fylkeskommunen sitt budsjett, er eit trongt nålauga å passera.

Avtalen ikkje fornya
For grunneigarane i Soli Eigedom er avtalen ikkje blitt oppfylt i tråd med dei fristar ein var samde om. Til dømes er ikkje vegen til Ebbesvik bygd, seier Kobbeltvedt.

– Vi hadde håpa at Fjell kommune skulle handtera saka politisk og gjera vedtak om at vegen er eit forskotteringsprosjekt. Kommunen kunne då i neste runde ha fremja saka for Hordaland fylkeskommune og få eit formelt vedtak, seier ein litt skuffa Kobbeltvedt.

– No som avtalen ikkje er fornya, ser det ut til at vi må velja andre vegar for å nå fram, seier Kobbeltvedt. Han understrekar likevel at selskapet har dialog med partane om eit eventuelt framtidig samarbeid, men på eit litt anna grunnlag.

Lite interessert
– Fjell kommune seier no offentleg at det er slike avtalar dei gjerne vil ha, for at reguleringsprosessane skal gå lettare. Vår erfaring er at Fjell kommune har vore lite interessert i dei innspela vi har kome med, oppsummerer Kobbeltveit.

Sidan urbant jordskifte no vert lansert som nytt tema i Fjell, er Kobbeltvedt spent på om fellesskapet mellom grunneigarane på søre delen av Litle Sotra vert meir interessant for Fjell kommune.

Les meir:
Notat i formannskapet 7. mai 2012

One thought on “Delte erfaringar med urbant jordskifte

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.