Trendar for 2015

Framtida kjem enten vi planlegg for det eller ikkje. Tre trendar peikar seg ut for kva vi bør planleggja for i 2015.

Sosiale media, men gløym Facebook
Dei store mediehusa sine oppkjøp av lokalaviser medfører aukande krav til inntening og kommersialisering. Redsel for synkande annonsinntekter fører til masseoppseiingar av flinke journalistar og skapar ein arbeidsmarknad der mange er på leit etter ny jobb.

Konsolidering og syndikalisering aksellererer tendensen til einsretting av innhald både i lokale, regionale – og nasjonale medier. Ressurssterke aktørar som av ein eller annan grunn ikkje når gjennom i mediebiletet, vil søkja alternative kanalar. Samstundes får vi eit stadig større publikum som er ikkje nøgd med det sterkt foreinkla verdsbiletet dei store mediehusa serverer.

Resultatet vert ein renessanse for kompetanse- og meiningsberande nettmedia som Tunnelsyn, driven av alternative innhaldsleverandørar med forakt for lettkjøpte A4-oppfatningar om korleis verda ser ut.

Tilgang på tilnærma gratis og svært brukarvenleg programvare som kan lastast ned og driftast frå skrivebordet, gjer at vi vil få sjå ei rekkje nye kanalar i skjæringspunktet mellom nettmagasin og blogg. Sjølv om kanalane i utgangspunktet vil vera drivne av idealisme heller enn av kommersielle krav, må dei likevel posisjonera seg for å tena pengar.

Podcast er ein ny kanal som på sikt vil kunna formidla informasjon utover tekst og bilete. Ein low end inngang til kringkasting., men ikkje regulert av kringkastinga sine krav om tildeling av frekvensar.

Lokaldemokrati
Lokaldemokratiet har akutt behov for revitalisering, skal vi unngå desillusjonerte og passive innbyggjarar. Temaet er særleg aktuelt i samband med:

Kommunereforma. Høgre-regjeringa sin ryddesjau i Kommune-Norge vert hevda å ha til intensjon å flytta makta ut frå Oslo. Langt viktigare er det at vi som innbyggjarar må passa oss så reforma ikkje flyttar makta vekk frå lokalsamfunna og opp til eit høgare nivå som er enno fjernare frå din og min kvardag. Her trengs eit skikkeleg folkeopprør for å tilbakeføra makt til folk flest.

Plan- og bygningslova: Med eit stadig sterkare krav til overordna planlegging, både på kommunalt og regionalt nivå, utgjer PBL ein sterk trussel, både mot innbyggjarane sin råderett over eigen eigedom og muligheten til å påverka utviklinga av sitt eige lokalsamfunn. Problemstillinga framstår som særleg aktuell i dei største byområda i Norge, men må også sjåast i samanhang med den etterkvart så utskjelte distriktspolitikken.

Sjøtransport
Norge har eit tilsynelatande uendeleg behov for investeringar i nye vegar. Ifølgje Nasjonal Transportplan er det identifisert behov for bygging og utbetring av landbasert infrastruktur kostnadsrekna til 500 milliardar kroner – tilsvarande eit halvt statsbudsjett. Det seier seg sjølv at alle desse veg- og bane-prosjekta ikkje kan finansierast i overskueleg framtid.

Samfunnskostnadane forbunde med vegbygging har til no ikkje har vore inkludert i reknestykket når transportkostnadane vert kalkulert. Det vert difor freistande å leita etter alternativ.

Med ufattelege 25.000 kilometer kystlinje, er langstrakte Norge eit land som oppfordrar til ein renessanse for sjøtransport.

Inkluderer vi samfunnskostnadene forbunde med vegbygging inn i reknestykket, vil vi raskt oppdaga at sjøen vert eit kostnadseffektivt infrastrukturalternativ til mange vegprosjekt i Kyst-Norge.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.