Fann smutthol i Alkohollova

I kafeen på Sartor Senter skal Trond Birkeland skjenka lokalt mikrobrygg. Fell det i smak, kan du kjøpa meir over entt
I kafeen skal Trond Birkeland skjenka lokalt mikrobrygg. Fell det i smak, kan du kjøpa meir på nett.

Trond Birkeland og dei tre andre gründerane i ”Skikkelig Mat” AS fekk ikkje lov til både å skjenka og å selja øl frå den nye kafeen i Sartor Senter. Slik enda dei opp med å få innvilga det første løyvet for nettsal av alkohol i Fjell.

Nyetableringa på Straume ønskjer å selja øl frå lokale mikrobryggeri som del av gåvepakkar med kortreist mat til lokalt næringsliv.

Anna adresse
– Helst ville vi både skjenka og selja øl i kafeen. Det viste seg imidlertid at Alkohollova set ein stoppar for sal og skjenking i same lokalet. Vi vart nøydde til å velja, seier Birkeland.

Finlesing av Alkohollova viste at det kunne finnast eit mogeleg smutthol i lova: Skikkelig Mat søkte difor Fjell kommune om eit eige løyve til netthandel med øl og andre alkoholhaldige drikkar med alkoholstyrke inntil 4,7 volumprosent, men med utlevering frå ei adresse utanfor handlesenteret. Kundane må sjølv henta varene, fortel netthandelspioneren.

Levering heim
Når drifta er komen opp å stå, ser Birkeland for seg at nettsalet med alkohol vil verta utvida til også å omfatta cateringverksemd, med levering heim til kundane. Ei slik utviding av salsløyvet reknar han med vil vera uproblematisk.

Birkeland har ingen planar om å konkurrera med OBS og ICA nær det gjeld volum på ølsalet. Det viktigaste var å kunna tilby kundar som ønskjer det også denne typen lokalprodusert mat.

Ikkje aleine
Den matglade gründeren kjenner ikkje til andre verksemder som har fått innvilga tilsvarande løyve for nettsal av alkohol. Tunnelsyn kjenner imidlertid til fleire norske nettbutikkar som sel daglegvarer, og som også har alkohol med inntil 4,7 volumprosent i vareutvalet.

Alkohollova gjev kommunane rom for å utøva skjøn ved tildeling av løyve. Birkeland rosar Fjell for rask og positiv søknadsbehandling.

Vinmonopolet får konkurranse – det gjærer i norsk netthandel
Les meir om korleis norske netthandelsaktørar freistar utfordra Vinmonopolet

3 thoughts on “Fann smutthol i Alkohollova

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.