Flytt gjenvinningsstasjonen

FjellVAR sin gjenvinningsstasjon på Straume bør flyttast, ikkje utvidast. Anlegget ligg som ein kile inn i bustadområde, genererer mykje trafikk på ein veg som også vert nytta som skuleveg, og har ingenting i eit framtidig byområde å gjera.

Gjenvinningsanlegget vart bygd på 1990-talet og treng utvidast for å møta framtidige krav til auka kapasitet. KPU skal i dag ta stilling til forslag til detaljregulering av ei utviding anlegget. Alternativet er å flytta stasjonen.

Ei utviding av dagens gjenvinningsstasjon vil innebera at anlegget vil verta i drift dei neste 20 – 40 åra. Regulering av tomten til gjennvinningsanlegg er feil prioritering av arealbruken i eit framtidig byområde. KPU bør nytta situasjonen til å flytta anlegget.

Innkjøpskost
Den 30 mål store tomten vart kjøpt medan tomteland på Straume enno var rimeleg, og er bokført til innkjøpskost. Den reelle tomteverdien framkjem difor ikkje i rekneskapen.

Alternativ til utviding er å omregulera tomten til bustadområde og selja han. Fjell kommune bør i staden kjøpa eit større og meir framtidsretta areal ein annan stad i kommunen. Ei løysing som vil kunna generera eit kjærkome overskot i ein botnskapt kommunekasse.

Grensar mot bustadområde.
Anlegget ligg solrikt til i sørvestre hjørna av næringsparken på Straume. Området grensar mot bustadområdet Instamyra. Den planlagte utvidinga er tenkt å koma oppå ei inntil 7 meter høg fylling, og vil få direkte innsyn til noverande og planlagte bustadar på austsida av Lonavegen.

Trafikkgenerator
Anlegget genererer alt i dag mykje trafikk gjennom Straume Sentrum og Lonavegen som også fungerer som skulevegar. På travle dagar står køen ofte langt opp mot krysset mot Arefjordvegen. Den føreslegne detaljreguleringa legg opp til å flytta innkjøringa lenger inn i bustadområdet, og maktar ikkje løysa tilkomstproblemet på ein god måte.

Stel friområde
Den føreslegne omreguleringa vil fråta bebuarane i området tre mål som i dag er regulert til friområde. Friområdet er ikkje opparbeida, men vert likevel mykje nytta av ungar i området.

One thought on “Flytt gjenvinningsstasjonen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.