– Ueigna til bading!

Mange spørsmål og sterkt engasjement: fv.
Mange spørsmål og sterkt engasjement.

Ei avrunding av det sørvestre hjørna av fyllinga i Straumsundet kan vera mogeleg å få til med ein søknad om dispensasjon frå reguleringsplanen. Dette vart klart under dagens synfaring med Veidekke og KPU på den kontroversielle fyllinga til Straume Sjøfront.

Godt frammøte, tydeleg tilstadevering og mange spørsmål frå medlemmane av Brukarane av Straumsundet, Fjell Båtlag og Bildøy Hyttelag under dagens synfaring viser at Straumsundet framleis engasjerer. Dette trass i at planpolitikarane lenge har freista overtyda seg sjølv og oss andre om at ein godkjend reguleringsplan er støypt i sement til evig tid.

Støypt i sement?
Tre år etter at reguleringsplanen vart vedteken, etter seks klagesaker om manglande tryggleik og pålegg frå Kystverket om å realitetsbehandla klagene, hadde KPU omsider funne det interessant å dra på synfaring på det kontroversielle anlegget. Kvifor det ikkje har skjedd for fleire år sidan er eit mysterium for alle oss som ferdast i sundet.

Sentrale problem
Tryggleiken relatert til det sørvestlege hjørna, badeplassen og tilhøvet til naboane var sentralt under synfaringa. Temaene opptek både småbåtbrukarar og naboar som har klaga på fyllinga.

Lenger sør
Fleire avgjerande detaljar er enno ikkje på plass, trass i at fyllinga byrjar få sin endelege form. Uavklarte nabotilhøve set, enn så lenge, ein stoppar for fullføringa av det sørvestlege hjørna. Hjørna skal fire – fem meter nærare Gamle Straumsbru, samanlikna med dagens fylling, i fall Veidekke føl planen slavisk.

Manglande tryggleik
Både småbåtbrukarane og naboane gav tydeleg utrykk for at dei helst ser at det ikkje skjer. Det sørvestlege hjørna, slik det ligg i dag, vert vurdert å vera det største faremomentet for småbåttrafikken. Både Veidekke og politikarane skal vera glade det enno ikkje har skjedd noko ulukke her, framheva vi.

Vi har klaga over at fyllinga tvingar småbåtførarane til gjera to 90 graders svingar tett etter kvarandre. Vert hjørna på fyllinga flytta enno lenger sør, vil sikt- og manøvrerbarhet i sundet verta sterkt forverra, samanlikna med det anlegget vi har klaga på.

Utfordra Sponheim
Ein badeplass er planlagt i sørenden av fyllinga. Når straumen går nord, oppstår det til tider sterke straumkvervlar på den planlagte badeplassen.

Fylkesmann Lars Sponheim er utfordra til å vera førstemann uti, men har så langt ikkje svara.

Ingen automatikk
Komiteleiar Tom Georg Indrevik (H) var under synfaringa mest oppteken av å forsvara at dette er ein vedteken plan.

At godkjenning etter havne- og farvasslova ikkje automatisk føl i kjølvatnet av ein reguleringsplan, ville han ikkje diskutera.

KPU behandlar kvar månad fleire søknadar om dispensasjon frå gjeldande planar eller overordna regleverk.

Bading freista lite
Ulukkesrisikoen er klart høgast ved fjære sjø og nordgåande straum. Som for å dempa inntrykket av kor utrygg fyllinga kan vera for småbåttrafikken, var synfaringa lagt til flo sjø og roleg straum. Sjølv sola verka vera på lag med planleggjarane.

Trass i at synfaringa omfatta ein framtidig badeplass, hadde ikkje komiteleiar Tom Georg Indrevik, teknisk sjef Berit Rystad eller Regiondirektør Lars Rune Folkestad i Veidekke huska badetøy.

På direkte spørsmål om det freista med eit bad, fekk vi berre vage svar.

– Fyllinga er ueigna for bading, svara Kåre Bjorøy, representant for entrepenøren Sartor Maskin, på deira vegne.

2 thoughts on “– Ueigna til bading!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.