Kasteballar i politikken

Småbåteigarane på innsida av Fjell har blitt redusert til kasteballar i politikken. Kommunestyret vedtok i dag å ignorera pålegget frå Kystverket om å realitetsbehandla klagene frå Brukarane av Straumsundet, Fjell Båtlag og Bildøy Hyttelag om redusert tryggleik som følgje av fyllinga i Straumsundet.

Kommunestyret vedtok med 39 mot 6 røyster (SL)) å oversenda tre klager til Kystverket.

I retur til Kystverket
Dermed sende politikarane ballen i retur til Kystverket. Kystverket, som er klageinstans etter Hamne og Farvasslova, vedtok i mai at klagene våre på fyllinga til Straume Sjøfront kom i tide, og påla kommunen å realitetsbehandla klagene.

Manglande tryggleiksvurdering
Eit tillegg frå Tore Turøy (V) om at Kystverket samstundes burde få i oppdrag å vurdera korleis fyllinga i Straumsundet har påverka tryggleiken for småbåttrafikken, fekk berre 13 røyster (V, SL, Sp og 4 frå FrP).

Manglande vurdering av korleis fyllinga har endra farlei og straumtilhøve og korleis dette påverkar tryggleiken for båtfolket har vore eitt av ankepunkta til klagarane. Ei slik tryggleiksvurdering har Kommunestyret så langt nekta å gjera.

Samla omfattar dei tre klageinstitusjonane 500 personar.

Ta til følgje!
Jan Utkilen (SL) starta debatten med å føreslå at klagene burde takast til følgje, men utan å utdjupa synspunktet.

Utkilen fekk skarp motbør mellom anna frå Tonje Tangen Alvsvåg som meinte at Veidekke hadde forklart denne saka så godt i KPU. Utbyggjar har dessutan alle løyver i orden, så dette var ei unødvendig sak, påsto Ap-representanten.

To uavhengige lovverk
Fyllinga i Straumsundet er avhengig av godkjenning i henhald til to uavhengige lover; Plan og bygningslova (PBL) og Hamne og Farvasslova (HFL). Ei godkjenning i henhald til PBL fritek ikkje kommunestyret frå å få gjort ei uavhengig vurdering av korleis eit tiltak påverkar tryggleiken i henhald til HFL.

Hamne og farvasslova er overordna
Rekkefølgja i vurderingane tilseier at HFL er overordna PBL når det gjeld tiltak i sjø. Fjell kommune, med ordførar Eli Berland i spissen, later som om det motsette er tilfelle.

Førstkomande mandag skal KPU på synfaring i Straumsundet – for å verta orientert om Veidekke sine planar!

One thought on “Kasteballar i politikken

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.