Identitets-tjuveri

Omfattande naturinngrep som fyllinga i Straumsundet, utbygginga av Sartor Senter og den nye R555, er med på å svekka den lokale identiteten til Straume og til Sotra. Tiltaka gjer Straume og Sotra stadig mindre særprega og stadig likare ”kor-som-helst”.

Det er den lokale identiteten som gjer ein stad tiltrekkjande. Samspelet mellom menneska og naturen er viktig. Når naturen vert endra på ein slik dramatisk måte som med fyllinga i Straumsundet, vert tilhørigheten mellom menneska som bur her og heimstaden vår broten.

Kystkulturen
Identiteten til fjellsokningane har gjennom generasjonar vore knytta til den lokale kystkulturen. Eit ord som får oss til å tenkja på sjø og naust, båtliv og fiske. Det har med tradisjonar å gjera.

Å kjenna seg heime.

Inn under glastaket
Det vi sjeldan tenkjer over, er at som følgje av naturinngrepa, er aktivitetar som historisk har vore sterkt knytta til matauke og overleving, gradvis i ferd med å verta fortrengt frå kvardagslivet og inn under glastaket på Sartor Senter. Registrerte og klar for historiebøkene.

Uerstatteleg
Verken Straume Sjøfront eller Sartor Senter vil over natta kunna erstatta kystkulturen som Sotra-strilen sin lokale identitet. Å endra ein lokal identitet tek tid – lang tid. Endringar må skje i små steg, over lang tid, skal dei verta aksepterte.

Manglar samforståing
Skal nye tiltak verta innarbeida i den lokale identiteten, må endringane skje i samforståing med innbyggjarane. Vi må få kjensle av å medverka.

Dagleg køkøyring gjer at vi ser behovet for ny R555, sjølv om vi sterkt mislikar den trafikkauken og dei naturinngrepa tiltaket vil føra med seg. Fyllinga i Straumsundet og utbygginga av Sartor Senter og senterområdet på Straume skjer over hovudet på oss som bur her. Her har utbyggjar såvel som politikarane i Fjell mista veljarane sine.

Ristar på hovudet
I resten av kommunen ristar innbyggjarane på hovudet og er glade dei sjølve vert sparte for slik ”galskap” , i alle fall inntil vidare.

Ved å vedta slike tiltak er kommunestyret med på å stela identiteten til innbyggjarane i Fjell. Det er tankevekkjande at fleire av dei varmaste tilhengjarane av «kystkultur» no er mellom dei ivrigaste pådrivarane for identitets-tjuveriet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.