Innbyggjarforum – auka medverknad i plansaker

Ikkje alt som har skjedd under utbygginga på Straume er like bra. Når bygdene i Fjell skal fortettast, bør Fjell kommune dra lærdom av erfaringane til innbyggjarane på Straume om korleis byggja eit attraktivt lokalsamfunn. Dei grunnleggjande retningslinene vi i Innbyggjarinitiativet BevarStraume samla inn 820 underskrifter for, er spelt inn som forslag til føresegner til den nye arealplanen.

Ved å innføra ei ordning med eigne Innbyggjarforum i tilknyting til større plansaker skal kommunen styrka tilrettelegging for aktiv medverknad for innbyggjarane i samsvar med Plan og bygningslova §5. Dagens lov er ei minimumslov. Praksisen med kunngjering av oppstart av reguleringsarbeid og med høyringsinnspel til ferdig plan er ikkje god nok sikring av innbyggjarane sine interesser ovanfor kommersielle utbyggjarar.

Ei ordning med Innbyggjarforum vil fungera som eit supplement til dagens ordning med eksterne ressursgrupper.

Innbyggjarforum
Samtlege innbyggjarar som er busette innanfor plangrensa, skal saman med naboar til planen inviterast til å delta i innbyggjarforumet frå start.

Innbyggjarforumet skal i fellesskap avgjera føremål, utnyttingsgrad og type bygg som skal reisast. Det skal vera høve til å dela eit område inn i fleire mindre delområde, med ulikt føremål, utnyttingsgrad og type bygg.

Mynde
Berre primære interessentar i fellesskap kan ta initiativ til omregulering av eit noverande/spreiddbygd bustadområde til blokker. Verken utbyggjar eller kommunale styremakter kan initiera ei slik dramatisk endring av føremål. Skal føremål, utnyttingsgrad eller type bygg i eit (del)område endrast, skal samtlege medlemmar i innbyggjarforumet samtykkja i endringa.

Sikra likebehandling
Forumet skal vera særleg påpasseleg med å ivareta interessene til minoritets grunneigarar og bustadeigarar i området ovanfor utbyggjar. Det får ikkje gjerast reguleringsmessige disposisjonar som forringar einskilde eigedomar sine kvalitetar eller økonomiske verdi samanlikna med det arealet utbyggjar disponerer.

Forumet avgjera kvar vegar, avkøyrsler, parkeringsanlegg og eventuelle grøntområde i området skal leggjast. Vegar skal som hovudregel plasserast på utbyggjar sin eigen eigedom, med mindre omsynet til naudsynt atkomst tilseier noko anna. Avkøyrsler, parkeringsanlegg og grøntområde skal plasserast på utbyggjar sin eigen eigedom, med mindre samtlege medlemmar i forumet samtykkjer i noko anna. Ved semje om plassering av ev. grøntområde utanfor utbyggjar sin eigen eigedom er det ein føresetnad at vedkomande grunneigar skal kompenserast økonomisk i samsvar med gjeldande strøkpris.

Fortetting med høghus/blokker
For å sikra heilskapleg planlegging og god byggeskikk føreslår vi at det ikkje får planleggjast nybygg høgare enn 3 etasjar i tilknyting til eksisterande lavbebyggelse/spreidd busetnad.

Hus/blokker høgare enn 3 etasjar skal som hovudregel konsentrerast til eigne områder utanfor noverande busetnad. I dei tilfella hus høgare enn 3 etasjar likevel vert lagt til områder som grensar mot eksisterande busetnad, skal det som minimum etablerast eit mellomleggjande grøntområde (buffersone) frå nabogrensa tilsvarande 3 x høgda på høghusa.

Tilpassing til eksisterande busetnad
Høgda på husa skal tilpassast eksisterende busetnad og høgda graderast vekk frå eksisterende bustadområde.
Innbyggjarane sin eigedomsrett må respekterast. Det er berre innbyggjarane i eit etablert/spreiddbygd bustadområde i fellesskap som kan ta initiativ til å omregulera eit område til blokker. Verken utbyggjarar eller kommunale styremakter kan fremma forslag til ei slik dramatisk endring av føremålet for eit område.

Plassering av vegar
Plassering av vegar er alltid eit stridsspørsmål. Vi forventar at nye tilkomstvegar vert lagt slik at dei ikkje kjem i konflikt med eksisterande tun og bustadar.

Les meir om Innbyggjarinitiativet BevarStraume. 

3 thoughts on “Innbyggjarforum – auka medverknad i plansaker

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.