Stein, stein, stein…

I Straumsundet valde spreng-og-lag-by-utbyggjarane einklaste løysinga. Hans løysing er blitt samfunnet sitt miljøproblem
I Straumsundet valde spreng-og-lag-by-utbyggjaren einklaste løysinga. Hans løysing er blitt samfunnet sitt miljøproblem

Spreng-og-lag-by-prosjekta er i ferd med å møta si miljømessige grense. Vi kan ikkje lenger halda fram med å sprengja vekk det eineståande, kulturhistoriske kystlandskapet og fylla massane som vert til overs i næraste fjord. Om vi reduserer avhengigheten av bilen, kan Sjøvegen vera løysinga.

Den dagen vi vestlendingar oppdaga at det gjekk an å sprengja tunnel gjennom fjell for å koma fortare fram, var ein historisk merkjedag. Tunnelen bokstaveleg talt sprengde veg for bilen – det 20 hundreårets samferdslerevolusjon. Kvar mann sin bil!

Tusenårgamle tradisjonar som tilsa at fjorden var Riksveg nr. 1 var gløymt nærast over natta. Båt? Kva skal vi med båt? Han kan jo berre leggja til ved kaien – med bil kan vi køyra heilt fram til døra!

Utbyggjarane sin beste ven
Nyleg passerte talet på bilar 6 milliardar på verdsbasis. Her på Vestlandet er biltettleiken høgare enn dei fleste andre stadar.

Etterkvart har dynamitten blitt vegvesenet sin beste ven. Det kan i dag ikkje tenkjast noko større vegprosjekt her vest der dynamitten ikkje spelar hovudrolla. Og vegvesenet er ikkje aleine om å ha oppdaga dynamitten som den endelege løysinga. Einkvar utbyggjar med respekt for seg sjølv fyrer av ei salve eller 10.000 når han skal realisera visjonane sine. Her på Straume skal Norges største parkeringsanlegg i fjell takast i bruk utpå hausten.

Miljøproblem
Resultatet er overveldande! Resultatet er eit gigantisk miljøproblem av dimensjonar ein vanleg planpolitikar umogeleg klarar ta inn over seg før han sjølv står på toppen av avfallsberget! Kvar skal vi gjera av all steinen?

Utbyggjaren på Straume valde den einklaste løysinga – han dumpa like godt heile miljøproblemet i Straumsundet. 25.000 lastebillass med stein har gjort ei historisk ferdsleåre ubrukeleg for oss som har vore avhengig av Straumsundet for trygg ferdsle i båt.

Flyplass i Hjeltefjorden!
Det nye Sotrasambandet vil generera titusenvis med lass med stein. Vegvesenet håpar å overtala politikarane om at sprengsteinen skal kunna brukast til nye vegar. Vegane får vi på billigsal, avdi vegvesenet elles vil brenna inne med eit miljøproblem.

Kvar vi skal gjera av dei mange 10.000 kubbikkmetrane med stein som skal sprengjast ut for å romma den nye reinsestasjonen for kloakk i Fjell, er det førebels ingen som tør tenkja på – i alle fall inngår ikkje løysinga på deponeringsproblemet i det politiske vedtaket.

Samla genererer dei mange sprengningsprosjekta i Bergensområdet nok stein til å fylla att heile Hjeltefjorden og leggja ein ny flyplass for Bergens-regionen midtfjords. Dei fleste pleier smila når eg seier dette. Heldigvis har dei mange spreng-og-lag-by utviklarane ikkje teke meg på alvor – enno.

Bybanen på sidespor
Den vidare utbygginga av Bybanen mot Åsane ser ut til å ha blitt kjørt inn på eit sidespor. Sjølvsagt står striden om kva tunnelløysing ein bør velja. Skal Bystyret ofra utemiljøet til 60.000 innbyggjarar i Sandviken, eller bør politikarane løyve eit titals milliardar til for å få mest mogeleg av bybanen så vel som vegen lagt i tunnel? Og kva med dei uerstattelege antikvariske verdiane i områda for dei alternative tunnelinnslaga?

Paradigmeskifte
Brått står vi vestlendingar ovanfor ein ny situasjon. Gårsdagens løysing – tunnel – gjev ikkje lenger svaret på dagens problem. Tvert om genererer gårsdagens løysing ei heil rekkje nye problem som vi enno ikkje heilt har teke inn over oss.

Situasjonen tilseier behov for eit paradigmeskifte: Spreng-og-lag-by-prosjekta er i ferd med å møta si miljømessige grense. Vi kan ikkje lenger halda fram med å sprengja vekk det eineståande, kulturhistoriske kystlandskapet og fylla massane som vert til overs i næraste fjord.

Sjøvegen
Tida er mogen for å revurdera Sjøvegen. Vi vestlendingar er så heldige å ha ein gratis infrastuktur liggjande utanfor stovedøra, klar til å takast i bruk. Ein infrastruktur som løyser det alvorlege miljøproblemet vi etterkvart ser tårna seg opp om vi held fram med å velja bilen som einaste framkomstmiddel.

7 thoughts on “Stein, stein, stein…

  1. Tilbakeping: Nydyrkaren | Tunnelsyn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.