Trafikal skallebank på Straume

Trafikken inn og ut av Straume sentrum vert så stor når det nye Sotra-sambandet står ferdig at ein ikkje kan la alle bilane køyra om Arefjord – Storskaret til det underjordiske parkeringsanlegget. Ein bør vurdera å opna for at trafikk frå vest kan følgja lokalvegen frå Bildøy og køyra direkte gjennom senterområdet. Når kjem det glupe tankar om å la lokaltrafikken gjennom senterområdet gå under jorda?

Detaljreguleringa av vegnettet i Straume-området vert den store hovudverken når endeleg plan for nytt Sotra-samband skal vedtakast, medgav Magnus Natås i Statens Vegvesen på formannskapet sitt arbeidsmøte om reguleringsplanen for det nye Sotra-sambandet i dag.

Ny kollektivterminal
Trafikken over Sotra-brua har flata ut på 26.000 – 27.000 bilar i døgnet siste åra. Korvidt det samsvarar med ein auke i kollektivtrafikken, er førebels usikkert.

Sikkert er det at kollektivtrafikken vil få førsteprioritet i det nye lokalvegnettet i tilknyting til det framtidige Sotra-sambandet. Planen tilseier at det skal byggjast ein ny kollektivterminal i senterområdet. Fleire av politikarane var opptekne av å få til ein ny park & ride i tilknyting til den nye kollektivterminalen – å parkera i den underjordiske garasjen vil verta for langt å gå, hevda Jan Utkilen.

Oppjusterte trafikkprognoser
Siste trafikkprognosane byggjer på trafikkteljingar og reisevaneundersøking mellom bilistane til og frå Sotra. Desse tilseier at 20.000 bilar dagleg vil ha ærend innom Straume når det nye sambandet står ferdig i 2021. I 2040 vil tale ha auka til 30.000, hevda rådgjevar Helge Hopen.

Tala er langt høgare enn det som har vore hevda offisielt tidlegare, men likevel noko lågare enn det Innbyggjarinitiativet BevarStraume har kome fram til ved å leggja saman tal nytta i aktuelle offentlege utgreiingar og områdereguleringa for Nordre Bildøy.

Fungera dårleg over tid
Med den løysinga vegvesenet tidlegare har skissert, vil det innebera 17.000 bilar dagleg til/frå vest gjennom Arefjord – Storskaret. 4.000 bilar vil ta av mot Næringsparken på Søre Straume, slik at 13.000 vil følgja Arefjordvegen frå rundkøyringa i Storskaret og ned til det underjordiske parkeringsanlegget.

20 år seinare vil dei tilsvarande tala vera 27.000 og 23.000, anslår rådgjevaren.

Som einaste tiltak er dette ei løysing som vil fungera dårleg over tid. For å få til ei effektiv trafikkavvikling, og sikra framkomst for kollektivtrafikken og redningskøyretøy, skisserte Hopen to alternative prinsipp i tillegg til det Statens vegvesen alt har lagt fram:

To alternativ
Alternativ 1 går ut på å la bilar frå vest ta av i krysset på Bildøy, følgja lokalvegen til Straume og fortsetja i fri flyt gjennom Sartorvegen og Grønamyrvegen til parkeringsanlegget. Her må det anleggjast ein form for gatenett med tverr- og langsgåande gater. Med ei slik løysing vil trafikken fordela seg med om lag like mange bilar gjennom Sartorvegen, og gjennom Arefjord – Storskaret.

Som alternativ 2 foreslo Hopen å laga ein ringveg med ny veg Arefjord – Foldnes, kombinert med anledning til å ta av frå lokalvegen på Straume, køyra Sartorvegen fram til Bildøyvegen/Arefjordvegen, og vidare inn på Storskaret – Arefjord.

Finansieringa i orden
Ny veg Arefjord – Foldnes vil langt på veg kunna la seg realisera innanfor dei planmessige og økonomiske rammene for nytt Sotra-samband, ifølgje Natås. Arbeidet med sambandet vil generera store overskotsmassar, som vegvesenet må ha ein plan for å deponera. Nytt vegsamband til Foldnes kan inngå i ein slik plan, saman med ei heil eller delvis utfylling av Stovevatnet.

Feil side av senterområdet
Utanfor rammene for planen, men som ei langsiktig løysing ivra Hopen for ei ny bru over Straumsundet eit godt stykke sør for Gamle Straumsbru. Eit slikt alternativ vil i så fall koma i direkte konflikt med bumiljøa på Søre Straume og i Lonavegen, som alt i dag har ei trafikkmengde som overstig det ein finn i mange av hovudgatene i Bergen.

Trafikken til og frå senterområdet må løysast i senterområdet. Det er ikkje haldbart å belasta etablerte bumiljø med store trafikkmengder, avdi politikarane har tillete Sartorkongen å plassera innkøyringa til parkeringsanlegget sitt på ”feil” side av senterområdet.

5 thoughts on “Trafikal skallebank på Straume

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.