Dette stod på lappen

Denne innstillinga hadde medlemmane i formannskapet problemar med å forstå
Denne innstillinga hadde medlemmane i formannskapet problemar med å forstå

Ordførar Eli Berland (H) villeia formannskapet, og Marianne Bjorøy og Rannveig Frøiland (Ap) stemte for noko dei sa dei ikkje forstod, då søknaden om enno eitt løyve til fyllinga i Straumsundet i henhald til Hamne- og farvasslova vart behandla.

Under gårdsdagens møte i formannskapet i Fjell vart det skrive eit nytt kapittel i The Neverending Story om Straumsundet. Saka byrjar etterkvart å verta såpass komplisert at fleirtalet av politikarane no medgjev at dei byrjar mista oversikten.

Teknisk tåkeprat
Dei elleve medlemmane i formannskapet skulle ta stilling til ei uvanleg teknisk skriven innstilling frå rådmannen, vedlagt to minst like teknisk formulerte rapportar.

Både Marianne Bjorøy og Rannveig Frøyland kom med sterk kritikk av formuleringane i innstillinga frå rådmannen.
– Eg forstår ikkje det som står her. Slike innstillingar vil me ikkje ha, rådmann, sa Frøyland og las opp første avsnittet i innstillinga.

Oppsummert søkjer utbyggjar om løyve til tiltak som kan innsnevra den alt farleg smale farleia ytterlegare.

Ordføraren villeia
– Korleis er tilhøvet mellom den eksisterande fyllinga, det som kommunestyret tidlegare har vedteke, og det som det no vert søkt om? Inneber denne søknaden ei utviding av fyllinga samanlikna med den som ligg der i dag, spurte Jan Utkilen (Sotra Lista).

Ordførar Eli Berland avviste at fyllinga skal utvidast.

Dette er feil. Biletmontasjen som er vedlagt søknaden viser ei fylling som i sør går langt utover det som er dagens grense. Også den omsøkte båthamna langsmed kaifronten vil bidra til å snevra inn farleia ytterlegare samanlikna med dagens.

Dette stod på lappen
I håp om å få retta opp feilinformasjonen drista eg meg til å stikka ein lapp til Tore Turøy (V). Dette ville ikkje ordføraren vita av. Ho snappa lappen, krølla han saman og nærast fresa til meg:

– Den som ikkje har talerett i denne forsamlinga, skal heller ikkje levera lappar.

Dei som måtte undrast på kva som stod på lappen, og som ordføraren absolutt ikkje ville at medlemmane i formannskapet skulle få vita:
– Fyllinga skal utvidast i sør.

Forstod ikkje kva dei stemte for
Berit Andersen (SV) hadde og problem med innstillinga. Som medlem i KPU hadde ho imidlertid fått forklart alt saman av Veidekke, og då vart alt så einkelt.

AP sine representantar valgte å stola på medlemmane i KPU, og stemte for ei innstilling dei sa dei ikkje forstod.

Formannskapet tilrådde søknaden med 9 mot 2 røyster. Venstre og Sotra Lista stemte mot.

Områda utanfor den stipla streken skal fyllast ut utover det arealet Sjøfronten opptek i dag.
Områda utanfor den stipla streken skal fyllast ut utover det arealet Sjøfronten opptek i dag.

2 thoughts on “Dette stod på lappen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.