Kva har du å skjula, Jan?

Ei endeleg løysing på konflikten mellom båtfolk og utbyggjarar i Straumsundet er skyvd ut i det blå etter Jan Utkilen sitt forslaget til kommunestyret om å utsetja saka. Skal innbyggjarane oppfatta dette som eit forsøk på aktiv dødshjelp frå ein politikar som i det sivile representerer ei yrkesgruppa som ikkje er uvant med å gravleggja tabbane sine?

Trass fleire forsøk frå dei sjølvoppnemnde ”legane” i kommunestyret om å stilla ein diagnose, er pasient Straumsundet langt frå frisk. For oss som er slekt og venar av pasienten, vert det stadig tydelegare at det her er eit akutt behov for ein second opininon frå ein uavhengig spesialist som Kystverket.

Seinskadar etter tvangsforing
Etter at Straumsundet i fjor vart tvangsfora med 20.000 lastebillass med stein, har han utvikla varige og svært alvorlege seinskadar. Blodårane er blokkerte og blodtrykket livsfarleg høgt. Pasienten er samstundes blitt sterkt plaga av alvorlege synsforstyrringar.

Det går ikkje an å behandla avslag på eit avslag, hevda dr. Utkilen. Påstanden er like uriktig som han er feil, og vitnar om at primærlegen i dette tilfellet ikkje har teke seg tid til å lesa journalen.

Første gongs avslag
Første gong den felles klagen frå Brukarane av Straumsundet, Fjell Båtlag og Bildøy Hyttelag var oppe til behandling i kommunestyret, var 28. november i fjor. Kommunestyret valde å følgja rådmannen si oppfordring om å avvisa klagen. Ei første gongs avvising kan påklagast, og det var denne klagen kommunestyret skulle vurdera sist veke.

Korleis primærlegen kan ha fått føre seg at dette var ein klage på eit avslag på eit avslag, er uforståeleg for oss pårørande.

Feil saksutgreiing
Det framkom av primærlegen si utgreiing i kommunestyret at han mest av alt ønskjer ro kring pasienten og ei saksutgreiing som inneheld alvorlege feil.

Dess meir saka utviklar seg, dess tydelegare vert det for oss pårørande at vårt lokale ”helsevesen” i dette tilfellet har handla fort og gale, og på grunnlag av feil informasjon.

Obduksjon
Straumsundet har møtt eit helsevesen som mest av alt får tankane til å gå til Dr. House. Men, der TV-legen etterkvart klarar å skilja symptom og biverknadar, fortonar det seg i dette tilfellet snarare som om primærlegen gjennom sitt framlegg om å utsetja behandlinga forsøkjer seg på aktiv dødshjelp.

Det vert ikkje ro kring Straumsundet så lenge pasienten ligg utan reell behandling. Skulle det verste skje, kjem vi til å krevja obduksjon.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.