Trafikkvendt vedtak i KPU

Altus Eiendom har fått løyve til å byggja enno ei blokk so og seia ute i Bildøyvegen. Medlemmane i Komite for Plan og utvikling valde å sjå vekk frå argumenta mine om at Bilødyvegen er ein del av planområdet for lokalvegar i tilknyting til nytt Sotrasamband.

Som møtande varamedlem (V) argumenterte eg forgjeves mot å godta nybygg i eit område der det er grunn til å frykta ei storstilt vegutbygging i nær framtid. Behandlinga av planen burde ha vore utsett til reguleringsplanen for nytt Sotrasamband er vedteken.

Firefelts veg?
Bildøyvegen er i Kommunedelplan for nytt Sotrasamband føreslegen som føretrekt trase for ny lokalveg vestover. Statens vegvesen jobbar med fleire alternativ, men kva som vert den endelege løysinga er ikkje avgjort. Vert forslaget i KPU realisert, vil forventa trafikk i Bildøyvegen utgjera meir enn 20.000 bilar i døgnet.

BevarStraume fryktar at trasevalet vil innebera behov for å utvida Bildøyvegen til firefelts veg.

Utsett for riving
Berre fire meter fortau vil skilja den nye blokka frå Bildøyvegen. Plasseringa aukar risikoen for at den noverande busetnad på motsatt side av vegen må rivast ved ei eventuell vegutviding. Verken Henning Lundekvam (H) eller Liv Urhaug (KrF) såg ikkje mogelege konsekvensar for dagens bebuarar som noko gyldig argument mot byggeplanen til Altus.

Trafikkvendt
Den nye blokka vil få U-form, med opninga vendt mot Bildøyvegen. Utforminga vil gje mest mogeleg sollys til dei som flyttar inn, argumenterte teknisk sjef Berit Rystad og fell fleirtalet i KPU med seg på det.

Tonje Tangen Alvsvåg meinte at trafikkstøy ikkje ville vera noko problem. Det finst jo så god isolasjon i våre dagar.

At kjøparane risikerer å måtta leva bak lukka vindauga på grunn av trafikkstøy, bekymra ikkje fleirtalet bak det trafikkvendte vedtaket.

One thought on “Trafikkvendt vedtak i KPU

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.