Gjera det sjølv-kommunen Fjell

(Innlegget er refusert av Vestnytt . Avisa ønskjer ikkje å seia noko om kvifor.)

Som ein utålmodig 2-åring reiv Fjell kommune ansvaret for godkjenninga av fyllinga i Straumsundet ut av hendene på Hamnevesenet: – Dette skal vi gjera sjølv, insisterte ordføraren. At Fjell kommune totalt manglar kompetanse på å vurdera tryggleiken til sjøs var ikkje noko hinder:

– Tryggleiken er godt ivareteken, insisterte ordføraren ovenfor media. I ettertid framstår det som om ordføraren meinar at tryggleiken for dei sjøfarande i Straumsundet skal vera ivareteken gjennom biologiske og geologiske undersøkingar. Ei samanblanding av fagområde som er jamgod med å påstå at redusert algevekst kan oppvega risiko for havari!

Resultatet av denne barnslege viljesutøvinga ser vi som bur langs Straumsundet dagleg: I sommar har båttrafikken gjennom sundet vore redusert til eit minimum. Mange er blitt redde for å ferdast her med båt. Spør du ordføraren kven som har ansvaret for tryggleiken for sjøfarande  i sundet, ønskjer ho likevel ikkje å svara.

Manglar kontroll
Fjell 2013 er kommunen med dei mange heisekranane og sprengingsprosjekta. Fjell opplever ein vekst som er langt over snittet for Norge. Talet på tilsette i kommunen – og på teknisk avdeling som skal kontrollera dei mange byggeprosjekta – ligg likevel langt under det som er normalt for norske kommunar. Kommunen har ansvaret for kontrollen av utbyggingsprosjekta. Kommunen har overordna ansvar for at alle omsyn er ivaretekne. Det kan vi slå fast ikkje har skjedd i Straumsundet.

Vestlandsopprøret
Det politiske ”Vestlandsopprøret” har vakse fram på kravet om redusert statleg kontroll og auka sjølvstyre til dei einskilde kommunane. Høgre sentralt har vedteke å fjerna fylkeskommunen. Makta til fylkesmannen, Hamnevesenet og ei rekkje andre overordna kontrollinstansar skal reduserast til eit minimum.  Store, kontroversielle utbyggingsprosjekt, som Straume Sjøfront, skal kommunane få lov til å avgjera på eiga hand, så framt Høgre berre får statsministeren etter Stortingsvalet.

Mot folk flest
Fyllinga i Straumsundet er ein del av bydanninga på Straume. Fleirtalet av innbyggjarane i Fjell er mot by på Straume. Mindretalet får likevel av ein eller annan merkjeleg grunn alltid prosjekta sine vedtekne. Når vi ser på dei største og mest kontroversielle tiltaka, har leiande Høgre-medlemmar vore med på eigarsida i samtlege.

Pengemakta rår
På Liaskjæret skraut dei tidlegare openlyst av at ”Pengemakta rår”. No har pengemakta kjøpt dei kommunikasjonsrådgjevarar som rår dei til å fara stille i dørane og heller skryta av dei kommersielle tiltaka dei sel til medbygdingane sine.

Pengemakta har kjøpt utvalde Høgre-medlemmar i Fjell ekspertise på korleis planlegga og tvinga gjennom store, omstridde utbyggingsprosjekt. Pengemakta har kjøpt dei politisk innflyting, eigarskap i media og rådgjevarar som veit å omformulera og avleia kontroversielle tiltak: Innbyggjarane skal ikkje skjøna kva som er i ferd med å skje før vedtaka er fatta og utbygginga har passert ei kritisk grense – slik det skjedde i Straumsundet.

Utvalde Høgre-medlemmar
Den Høgre-styrte byutviklinga i Fjell krev store offentlege investeringar. Det vert stadig mindre pengar att til lovpålagte tenester. Byutviklinga et opp fonda til kommunen og syt for at den offentlege lånegjelda snart veks innbyggjarane over hovudet. Folk flest må betala rekninga i form av auka avgifter. Alt saman for at utvalde Høgremedlemmar skal få lov å tena pengar!

Etter åtte år med Høgre-styre kunne Fjell ha representert Høgre sitt utstillingsvindauge i Stortingsvalkampen. Det har ikkje skjedd. Til det framstår Høgre-folka si pengemakt altfor tydeleg i lokalpolitikken.

Stem på – pengemakta?
Om du vil at pengemakta skal ha siste ordet i framtida, i resten av Norge så som i Fjell – stem Høgre!

One thought on “Gjera det sjølv-kommunen Fjell

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.