Ber sjøfartsdirektøren vurdera tryggleiken i Straumsundet

Innbyggjarinitiativet BevarStraume har sendt skriv til sjøfartsdirektøren med oppmoding om å foreta ei uavhengig vurdering av tryggleiken til sjøfarande i Straumsundet. Vurderinga bør skje ut frå kommunestyret sin eigengodkjente utbyggingsplan.

”Henvending om auka risiko for ulukker i Straumsundet i Fjell, som følgje av utbygging.

Vi vender oss til Sjøfartsdirektøren, som øvste mynde for tryggleiken til sjøs i Norge.

Det skjer for tida ei omfattande utbygging i Straumsundet i Fjell. Det frå før smale sundet med relativt sterk straum skal fyllast att til ei breidde på knappe 35 meter.

Set tryggleiken i fare
Straumsundet vert mykje nytta av mindre båtar og kajakkpadlarar som føretrekkjer smult og verna farvatn framfor å ta omvegen gjennom den urolege og mykje trafikkerte Hjeltefjorden. Straumsundet er også eit mykje nytta rekreasjonsområde, med mange båtplassar og naust. For oss som bur i området og ferdast i båt gjennom sundet, framstår det som om den pågåande utbygginga set tryggleiken til dei sjøfarande i fare.

Risikofaktorar
• Sundet vert vesentleg smalare enn i dag. Minste breidde etter utbygging er sett til 35 meter.
• Det er ein grunne på vestsida av sundet. På austside er det planlagt båthamn, i tilknyting til fyllinga. Trygg seglingspassasje vil difor verta vesentleg smalare enn 35 meter.
• Straumtilhøva i sundet er alt no vesentleg forverra. For å koma gjennom sundet på sterk motstraum er motoriserte fartøy nøydde til å gje ekstra gass.
• Forverra sikttilhøve: Fyllinga ligg like på nordsida av Gamle Straumsbru. Båtar som skal under brua er nøydde til å gjera ein skarp sving like før/etter å ha passert brua. Sjøgåande trafikk er difor ikkje lenger i stand til å sjå motgåande båtar før dei møtest under den smale brua.
• Området sin rekreasjonsverdi for innbyggjarar med båtfeste og naust i området er øydelagt.

Eigengodkjent plan
Før ei utbygging i sjø kan ta til, er det mellom anna krav om å ha på plass formelt løyve i henhald til hamne- og farvasslova. Fjell kommune har delegert myndet til å gje slikt løyve til Bergen og omland havnevesen. Havnevesenet har nekta å godkjenna dei føreliggjande utbyggingsplanane. Kommunestyret valte då istaden å eigengodkjenna planen. Før eigengodkjenninga skjedde i mars i år, hadde det ulovlege utfyllingsarbeidet i sundet pågått i meir enn sju månadar.

Fjell kommune har nyleg stoppa utfyllingsarbeidet, med grunngjeving om at sundet no er blitt smalare enn dei 35 metrane som den kommunale eiengodkjenninga tillet.

Manglar kompetanse
Tryggleiken til sjøfarande var ikkje med i vurderinga då Fjell kommune eigengodkjende utbyggingsplanane. Kommunen manglar kompetanse for å vurdera tryggleiken til sjøs.
Vi ber difor Sjøfartsdirektøren utføra ei uavhengig vurdering av tryggleiken til sjøfarande i Straumsundet, på grunnlag av dei godkjende utbyggingsplanane.”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.